Stefan Lindvall, fiolin - Ingrid Eriksen Hagen
og Hans Knut Sveen, tasteinstrument
…når KI-roboten tolkar «Bachs bibliotek»… (generert med KI)
På denne konserten spelar Lindvall, Sveen og Hagen musikk frå Johann Sebastian Bachs bibliotek. I eit stort musikarhus som Bach sitt, må det ha bogna av notar. Far i huset komponerte uavlateleg, og med partitura hans som grunnlag blei det skrive ut stemmer, som i igjen blei dupliserte av andre skrivarar.
Men dei andre i huset då? Dei fleste av barna hans fekk song- og instrumentalundervising, gutane også i komposisjon. Her gjekk elevar ut og inn, og ikkje sjeldan kom prominente musikarar på vitjing. Musikkmanuskript og spesifikke kompositoriske idear blei utveksla gjennom notebøker, ikkje berre i heimen, men også i form av brevveksling med kunstnarvener andre stader i dagens Tyskland.
Dei handskrivne notebøkene til kona Anna Magdalena og sonen Wilhelm Friedemann gjev oss glimt inn i denne skapande verksemda. Men er all denne musikken verkeleg av «Fader» Bach? Eller var det kanskje andre i hushaldet som kom opp med somme av stykka? Dette og mykje meir får me klingande døme på under konserten sundag 28. september.
Kaféen på Christinegaard er åpen fra kl. 12:00 til 16:00
Billetter: 200,-/150,- (studenter)
Velkommen!
Antikk Musikk er støttet av Kulturdirektoratet, Bergen kommune, Vestland fylke og Bergens Riksmålsforening.